Autosøk
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune logo

Off. godkjent sjukepleiar Vartdal helsetun

Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune

6170 Vartdal

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Off. godkjent sjukepleiar Vartdal helsetun

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Ved Vartdal helsetun er det frå d.d. ledig fast 95 % stilling.

Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar der sjukeheimsavdelinga har 9 plassar og bukollektivet har 19 plassar.

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk med fokus på kvalitet, tryggleik, ernæring og velferdsteknologi.
  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar.
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar.
  • Vegleiing og opplæring av medarbeidarar.
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Moglegheit for å jobbe langvakter.
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP.

Requirements

  • Du må vere offentleg godkjent sjukepleiar.
  • Du må ha relevant arbeidserfaring.
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar.
  • Du må ha gode evner til skriftleg og munnleg framstilling på nynorsk.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting.

Skills

SjukepleieGeriatriVelferdsteknologiSamhandling med pårørandeNynorsk skriftleg og munnlegDigital kompetanse

Experience

mid-level

Similar Jobs