Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Overlege innan psykiatri
Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. Vi ønskjer oss deg som er interessert i fagfeltet alderspsykiatri og allmennpsykiatri.
Seksjonen vår består av eit døgntilbod med 9 døgnplasser og poliklinikk. Deler av stillinga vil vere tilknytta Alderspsykiatrisk poliklinikk, med både ambulant og stasjonær virksomhet.
Vi har eit aktivt fagmiljø. Avdelinga har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5. års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning, rettleiing og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen.
Arbeidsoppgåver
- Diagnostisk utgreiing og behandling
- Individuell og tverrfagleg behandling
- Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
- Internt samarbeid og rettleiing
- Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
- Samarbeid med miljøpersonal og andre behandlarar om miljøterapeutiske tiltak
- Deltaking i fagutvikling, forskning og andre tiltak for kompetanseheving
- Deltaking i bakvaktsordning for overlegar hvis ein ønsker det
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Requirements
- Du må ha norsk autorisasjon som lege.
- Du må vere spesialist innan psykiatri.
- Du må meistre norsk munnleg og skriftleg.
- Du må ha erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd.
- Du må ha kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing.
- Du må ha førarkort klasse B.
Skills
PsykiatriDiagnostikkBehandlingRettleiingUndervisningTverrfagleg samarbeid
Experience
senior
