Autosøk
Maritim Drift, Fjord1 AS logo

Maskinsjef Jondal-Tørvikbygd - for deg som verdsetter fritid!

Maritim Drift, Fjord1 AS

Kvalvågnesvegen 681, 5956 Hundvin, 5620 Tørvikbygd

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Maskinsjef Jondal-Tørvikbygd - for deg som verdsetter fritid!

Vi søker ein engasjert og dyktig maskinsjef til vår stillegåande, elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.

I dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i 2 veker, deretter har du 2 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri.

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar om bord med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter.
  • Vedlikehald etter AMOS-systemet og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
  • Bidra til energieffektiv og trygg drift gjennom oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og ISO 50001.
  • Opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon, budsjettering og bestilling av teknisk utstyr.
  • Føre dagleg oversikt over forbruk, maskindagbøker og stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging.

Requirements

  • Du må inneha minimum M3-sertifikat.
  • Du må ha gyldig helseerklæring for sjøfolk.
  • Du må ha gjennomført sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Du må ha gode skandinaviske språkkunnskaper, både muntleg og skriftleg.
  • Du må kunne framvise FSE e-læringskurs.

Skills

Maskinteknisk driftVedlikehaldsstyring (AMOS)HMS og tryggleik (ISM-koden)Energileiing (ISO 50001)Batteriteknologi og elektriske framdriftssystemLeiareigenskapar

Salary

Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.

Experience

mid-level

Similar Jobs