Autosøk
Korleis oppnå dette målet: logo

Vaken nattevakt

Korleis oppnå dette målet:

Glomstuvegen 48 C, 6412 Molde

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Om stillinga og arbeidsstaden

Kollen ungdomsbase søkjer etter nye nattevaktar. Vi har ledig ei fast stilling som vaken nattevakt i vår avdeling i Molde og ei ledig stilling i vikariat i 2 år, i avdelinga vår på Vestnes. Stillinga er på 74% og arbeidstida for nattevaktene i begge avdelingane er frå kl 23.00 til 08.00.

Kollen ungdomsbase er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13-18(20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen. Vi legg vekt på at ungdommane innanfor trygge rammer, og i samhandling og aktivitet med vaksne, skal oppleve meistring og ny læring for å oppnå endring og utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleie og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte.
  • Ulike praktiske oppgåver som trengst for å drifte alle heimar.
  • Krise- og stresshandtering.
  • Handtere og arbeide førebyggjande mot hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølv eller andre.
  • Bidra til å vareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
  • Reflektere over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartnarar.
  • Følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.

Requirements

  • Du må ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innanfor relevante fagområde.
  • For søkjarar utan relevant bachelorutdanning kan vi vurdere søkjarar med minimum 3 års relevant barneverns- og/eller institusjonserfaring.
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk tilsvarande nivå B2.
  • Du må inneha førarkort minimum klasse B.
  • Du må kunne legge fram politiattest ved tilsetjing.

Skills

MiljøterapiKrisehandteringDokumentasjonTverrfagleg samarbeidStressmeistringEtisk refleksjon

Salary

440 000 - 700 000 NOK per år avhengig av utdanning og erfaring

Experience

mid-level

Similar Jobs