Autosøk
Kven ser vi etter? logo

Sakshandsamar forvaltning

Kven ser vi etter?

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Sakshandsamar forvaltning

NGIR søkjer ein engasjert og strukturert sakshandsamar til eit vikariat i avdelinga Sak og system.

Vikariatet varer frå 1. oktober 2026 til 31. mai 2028. Som sakshandsamar hos oss får du ei viktig rolle i arbeidet med å sikre rettferdig, korrekt og effektiv behandling av saker knytte til renovasjon og slam.

Om stillinga

Arbeidskvardagen vil i stor grad vere knytt til behandling og oppfølging av saker innan renovasjon og slam. Du vil handtere søknader, førespurnader og ulike forvaltningssaker, utarbeide vedtak og skriftlege svar, og gi rettleiing til innbyggjarar og samarbeidspartnarar. Stillinga omfattar også arbeid med uttalar i samband med areal- og reguleringsplanar, samt andre oppgåver innan avdelinga sitt ansvarsområde.

Kven ser vi etter?

Vi ser for oss at du har relevant høgare utdanning innan administrasjon, samfunnsfag, juridiske fag, økonomi eller tilsvarande. Erfaring frå sakshandsaming eller offentleg forvaltning vil vere ein fordel, men er ikkje eit krav. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er ein føresetnad. NGIR nyttar nynorsk som administrasjonsspråk, og ein stor del av arbeidet inneber skriftleg kommunikasjon. Vi søkjer derfor ein medarbeidar som skriv nynorsk på ein trygg, korrekt og tydeleg måte. Du har god digital forståing og set deg raskt inn i nye system og arbeidsprosessar.

Personlege eigenskapar

For å trivast i stillinga bør du vere strukturert, nøyaktig og ansvarsmedviten. Du arbeider sjølvstendig, men samarbeider også godt med andre når det trengst. Du er serviceinnstilt og møter innbyggjarar og kollegaer på ein positiv og profesjonell måte.

Kvifor velje NGIR?

Hos oss får du ein meiningsfull jobb med stor samfunnsnytte. Du blir del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø med høg trivsel og godt samarbeid på tvers av fagområde.

Requirements

  • Du har relevant høgare utdanning innan administrasjon, samfunnsfag, juridiske fag, økonomi eller tilsvarande.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne skrive nynorsk på ein trygg, korrekt og tydeleg måte.
  • Du har god digital forståing og evne til å setje deg raskt inn i nye system.
  • Du er strukturert, nøyaktig og ansvarsmedviten i arbeidet ditt.

Skills

SakshandsamingForvaltningNynorsk skriftleg kommunikasjonDigital forståingServiceinnstillingSjølvstendig arbeidSamarbeidsevnerVurderingsevne

Experience

mid-level

Similar Jobs