Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
SFO-medarbeidar
Har du lyst til å bidra til at barna får ein trygg, aktiv og kjekk SFO-kvardag? Då ønskjer vi å høyre frå deg!
Orre skule i Klepp kommune søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til eit 40 % vikariat på SFO, med tiltreding etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.2027.
Stillinga kan passe godt for deg som er student og ønskjer å kombinere jobb med studium, eller for deg som ønskjer ei mindre deltidsstilling. Det kan òg vere aktuelt med ei mindre stilling på morgon-SFO, dersom dette passar for deg.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
- Delta i leik og ulike aktivitetar inne og ute
- Bidra til eit godt og inkluderande miljø
- Følgje opp barna sine behov og bidra til gode relasjonar
- Samarbeide med dei andre tilsette på SFO og skulen
- Bidra til praktiske oppgåver knytte til SFO-kvardagen
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Moglegheit til å kombinere arbeid med studium
- Moglegheit for ekstra arbeid på morgon-SFO etter avtale
Requirements
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg.
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel.
- Studentar innan barnehage, grunnskule, pedagogikk eller andre relevante fagområde er velkomne til å søkje.
- Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge og gode relasjonar til barn.
- Du må vere trygg, positiv, omsorgsfull og like å vere saman med barn.
Skills
SamarbeidsevnerRelasjonsbyggingPedagogisk forståingFleksibilitetInitiativrikOmsorgsevne
Experience
entry-level
