Autosøk

Vil du bli vår nye teamleiar?

Fact Sikkerheit avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus,

Sjukehusvegen 15, 5451 Valen

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Vil du bli vår nye teamleiar?

FACT Sikkerheit har ledig stilling som teamleiar. Her får du ei sentral rolle i eit fagmiljø som gir langsiktig og heilskapleg behandling og oppfølging til pasientar med behov for tett og koordinert oppfølging.

Teamet arbeider etter Forensic FACT-modellen og følgjer opp pasientar som er dømde til behandling og/eller er underlagt tvungent psykisk helsevern. FACT Sikkerheit er organisert som poliklinikk og er knytt til Eining for sikkerheit og Eining for sikkerheit og rehabilitering.

Vi samarbeider tett med 16 kommunar og er ein del av sikkerheitskjeda i Helse Fonna. Som teamleiar blir du ein viktig del av arbeidet med å sikre gode, samanhengande pasientforløp på tvers av tenester og nivå.

Kva går jobben ut på?

Stillinga er ei kombinert leiarstilling og klinisk stilling:

  • Som teamleiar har du det overordna driftsansvaret for teamet.
  • Du skal sikre at den daglege drifta skjer i samsvar med lover, forskrifter og interne retningslinjer.
  • Realisere eininga sine oppgåver i tråd med avdelinga sitt mål.
  • Bidra til at eininga har systematisk utvikling av tenestene og høg fagleg standard.
  • Ansvarleg for oppfølging av medarbeidarane og legge til rette for utvikling.
  • Pasientbehandling i tverrfagleg team, inkludert arbeid med strukturert valdsrisikovurdering.
  • Poliklinisk oppfølging av pasientar på dom og på tvang utan døgnopphald i institusjon.

Kvifor skal du velje oss?

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs.
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon.

Requirements

  • Du må ha høgskuleutdanning eller anna relevant høgare utdanning innan helse eller sosialfag.
  • Det er ønskjeleg med erfaring og kompetanse innan sikkerheitspsykiatri.
  • Det er ønskjeleg med tidlegare leiarerfaring.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha gode leiaregenskapar og evne til å motivere medarbeidarar.

Skills

LeiarerfaringSikkerheitspsykiatriTverrfagleg samarbeidValdsrisikovurderingPasientoppfølgingKommunikasjonStrukturert arbeidsmetodikk

Experience

mid-level

Similar Jobs