Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Helgestillingar på Øystre Slidre helsetun
Vil du vere ein del av laget vårt? Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
No har vi ledig fleire helgestillingar, både på kortids- og langtidsavdeling, på avdeling for personar med demens, i heimetenesta og i omsorgsbustader. Stillingane varierer mellom 14% og 21%.
Arbeidsoppgåver
- Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument.
- Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring.
- Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer.
- Samarbeid og tverrfagleg med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg.
Vi tilbyr
- Turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4. helg.
- Nødvendig opplæring og rettleiing.
- Kompetanseheving.
- Opplæring i fagsystem.
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP.
Requirements
- Det er ynskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning.
- Du må ha gode norskkunnskapar.
- Sertifikat i klasse B er nødvendig for stillingar i heimetenesta.
- Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenesteloven §5-4.
- Du må vere positiv, sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
Skills
Experience
entry-level