Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Aktivitetsansvarlig
Hotel Union Øye er eit av Skandinavias mest særprega historiske hotell. Sidan opninga i 1891 har hotellet ønska fjellklatrarar, eventyrarar, kongelege, kunstnarar og reisande frå heile verda velkomne til Øye og Sunnmørsalpane. Som stolt medlem av Relais & Châteaux og ein del av 62°NORD ønskjer vi å skape opplevingar som gjestane tek med seg lenge etter at dei har reist heim – gjennom personleg vertskap, høg kvalitet og dei små detaljane som gjer ein forskjell.
No søker vi ein Activity Manager som vil ta ansvar for aktivitetsområdet vårt og hjelpe gjestane våre med å oppdage det beste Øye og Sunnmøre har å by på.
Om rolla
Dette er ei unik stilling for deg som ønsker å kombinere aktivitetsturisme, leiarskap, hotell og gjesteservice. Som Activity Manager har du hovudansvaret for aktivitetskontoret ved Hotel Union Øye og er bindeleddet mellom hotellet, gjestane våre og våre aktivitetsleverandørar.
Dine viktigaste ansvarsområder
- Ha det overordna ansvaret for aktivitetskontoret og den daglege drifta av aktivitetsområdet.
- Gi gjestane personlege råd og anbefalingar om turar, aktivitetar og opplevingar.
- Planlegge, reservere og koordinere aktivitetsprogram for individuelle gjestar og grupper.
- Ha tett dialog og samarbeid med guidar, aktivitetsleverandørar og andre lokale samarbeidspartnarar.
- Utvikle, beskrive, kalkulere og prise aktivitetsprodukt.
- Ha ansvar for utleige og oppfølging av kajakkar, elsyklar, køyretøy og anna aktivitetsutstyr.
- Sikre at utstyr og aktivitetsområde er organiserte, trygge og klare til bruk.
- Sal og gjesteservice i Activity Shop.
- Bidra ved teambuilding, grupper og større arrangement.
- Delta i hotellet si Duty Manager-ordning.
Kva kan vi tilby?
Ein arbeidsplass litt utanom det vanlege, midt mellom fjord og fjell i Sunnmørsalpane. Hos oss får du kombinere natur, aktivitetar, leiarskap og hotell i ei rolle med stor variasjon og mykje ansvar.
Requirements
- Du har bachelorutdanning innan naturguiding, friluftsliv eller tilsvarande utdanning og/eller relevant erfaring.
- Du har relevant erfaring, kurs eller sertifiseringar innan friluftsliv og førstehjelp.
- Du har god kunnskap om og interesse for fjellturar, sykling og andre naturbaserte aktivitetar.
- Du har førarkort klasse B.
- Du kommuniserer godt på engelsk og snakkar gjerne norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Skills
Experience
mid-level