Autosøk

Vernepleiar - 100 % fast

Svingen/Reini, Vinje kommune

Åmotvegen 2, 3890 Vinje

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Vernepleiar - 100 % fast

Vil du jobbe med menneske, utvikle deg fagleg og få støtte frå dag ein? Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape trygge og gode tenester for bebuarane våre.

Svingen og Reini er moderne bufellesskap med høvesvis 11 og 4 leilegheiter, og gode fellesareal både inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar i alle aldrar, og med varierande behov for hjelp.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøterapi og oppfylging av psykisk og fysisk helsetilstand hjå bebuarane
  • Kontakt med pårørande, verge og ulike samarbeidspartnerar
  • Koordinerande funksjon
  • Ansvarsvakt
  • Utarbeide vedtak etter kap. 9
  • Fylgje opp og evaluere tiltak
  • Rettleiing til personalgruppa i faglege spørsmål
  • Medikamenthandtering

Vi tilbyr

  • Vernepleierar får eit lokalt tillegg på kr 48.000 over gjeldande tariff i 100 % stilling
  • Mentorprogram med oppfylging og støtte frå erfaren kollega
  • Fagleg rettleiing og kompetanseheving
  • Gode velferdsordningar med tilbod om bading i kommunale anlegg
  • God forsikrings- og pensjonsordning

Requirements

  • Du må ha autorisasjon som vernepleiar, men andre med relevant høgskuleutdanning kan også søkje.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå miljøarbeid.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Du må inneha førarkort klasse B for manuelt gir.
  • Du må vere open for å ta i bruk velferdsteknologi som ein del av tenesteytinga.

Skills

MiljøterapiMedikamenthandteringTverrfagleg samarbeidVelferdsteknologiRettleiingDokumentasjon

Salary

Lokalt tillegg på kr 48.000 over gjeldande tariff

Experience

junior

Similar Jobs