Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Om stillinga
Alversund skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO. Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.
Alversund skule er ein ny, flott barneskule med ein fantastisk beliggenheit ved vakre Alverstraumen. Vi har eit dedikert team på rundt 50 tilsette som brenn for å skape ein inspirerande læringsarena for våre 332 elevar. Vi praktiserer trinndelt undervisning med fokus på elevmedverknad og aktiv læring.
I SFO-avdelinga vår har vi gleda av å ta imot rundt 120 glade og energiske born.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.
Vi tilbyr
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Requirements
- Søkjarar til lærarvikarstilling må minimum ha studiekompetanse.
- Det er ønskjeleg med godkjent lærarutdanning eller pågåande pedagogisk utdanning for lærarvikarar.
- For stillingar som barne- og ungdomsarbeidar er fagbrev ønskjeleg, men relevant erfaring vert også vurdert.
- Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram før tiltreding.
Skills
Salary
Timeløna, ut frå kompetanse og erfaring
Experience
entry-level