Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Om stillinga og arbeidsstaden
Vil du hjelpe ungdom til å få et rusfritt liv? Det er en krevande jobb, den er ikkje for alle - men er du fagleg utforskande, likar høg aktivitet og store variasjonar i arbeidskvardagen, kan dette være jobben for deg.
Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune. Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeidar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus.
Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum - både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket deira. Behandlingen byggar på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsterapi og sosialøkologisk teori.
Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi ledig 2 x 25 % faste stillinger som helgevakt. Stillinga er for tida kvar 3. helg, fredag, laurdag og søndag kveld. Det er også moglegheit, og ønskjeleg, for ekstravaktar og deltaking på fagmøter utanom faste vaktar i turnus.
Arbeidsoppgåver
- Utøve målretta behandlingsarbeid iht. behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling.
- Gjennomføra risikovurderingar og setje i verk tiltak etter behov.
- Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
- Bidra til å ta vare på rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
- Ivareta ungdommane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttende måte.
Requirements
- Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Førarkort klasse B er naudsynt.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er eit krav.
- Du må kunne framlegge politiattest ved tilsetjing.
- Du må ha god fysisk og psykisk helse.
Skills
Salary
420 000 - 690 000 NOK per year depending on position and qualifications
Experience
junior
