Miljøterapeutar i medlevarturnus til barnebustad
Kvinnherad kommune Barn og familie
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Miljøterapeutar i medlevarturnus til barnebustad
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og består av seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning- og butiltak for barn og unge og tverrsektorielt psykologteam.
Omtale av stillingane:
Vil du arbeide i ei eining der du dagleg bidreg til å gje andre menneske eit godt liv, samtidig som du vert tilbydd ein jobb med spanande utviklingsmoglegheiter? Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for barn og ungdom. Vår nye barnebustad vil gje omsorg til barn og ungdom med ulike ressursar, utfordringar og behov.
Arbeidsoppgåver:
- Miljøterapeutisk arbeid
- Samarbeid med barn og unge sin familie og nettverk
- Tverrfagleg samarbeid
- Rapportering og dokumentasjon av miljøterapeutiske arbeid
- Praktisk bistand og omsorg/pleie
Requirements
- Du må ha høgskuleutdanning, fortrinnsvis som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du må kunne framvise gyldig politiattest før tiltreding.
Skills
Experience
mid-level, junior, entry-level