Sjukepleiar vikariat ved Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Sjukepleiar vikariat ved Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt
Kvinnherad kommune har vel 13 300 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. I Kvinnherad får du ikkje berre ein spennande jobb, men også høve til å leva og trivast i ein kommune med mange fordelar.
To 100 % vikariat som sjukepleiar ved Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt
Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt har ledig to 100 % vikariat som sjukepleiarar frå snarast mogleg og til 30. april 2027. Stillingane inngår i turnusordning mellom Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt.
Arbeidsoppgåver ved Husnes helsesenter
- Handtera førespurnader frå innbyggjarar som treng medisinsk hjelp
- Rettleia og gi råd til pasientar
- Prioritera og setja i verk rett behandlingsnivå
- Ivareta dokumentasjon og kvalitetssikring av verksemda
- Laboratoriearbeid
- Behandling av kroniske og akutte tilstandar på skadestove
- Assistera lege ved undersøkingar og mindre kirurgiske inngrep
- Administrera medikament etter ordinasjon frå lege
Arbeidsoppgåver ved Kvinnherad legevakt
- Ta imot førespurnader på telefon og i ekspedisjon
- Klinisk prioritera, observera og behandla pasientar på skade- og akuttstove
- Gi råd og rettleiing etter Legevaktindeks
- Ta imot, stabilisera og behandla akutt sjuke pasientar
- Assistera lege ved undersøkingar og enkle inngrep
- Utføra målingar og prøvetaking
Requirements
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha evne til å handtera akutte situasjonar og høgt arbeidstempo.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå legekontor, legevakt eller anna relevant klinisk arbeid.
- Det er ein fordel med gode IKT-kunnskapar og erfaring med journalsystem.
Skills
SjukepleieAkuttmedisinLegevaktarbeidPasientbehandlingLaboratoriearbeidDokumentasjonKommunikasjon
Experience
mid-level