Autosøk
Vestland fylkeskommune logo

Faglærar maskin/elektro i maritim utdanning på fagskulenivå

Vestland fylkeskommune

6718 Deknepollen

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Faglærar maskin/elektro i maritim utdanning på fagskulenivå

Vil du vere med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av utdanningane innan maskin- og dekksoffiserfaget? Då kan dette vere stillinga for deg!

Studiestaden vår i Måløy søkjer ein engasjert og fagleg dyktig medarbeidar til teamet vårt. Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulane i landet, og utdannar mellom anna framtidas dekksoffiserar og maskinoffiserar.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning innan maritime maskin- og elektrofag
  • Undervise innan maskin, elektro, skipsteknikk og maritim leiing
  • Integrere pedagogiske metodar som fremjar aktiv læring, kritisk tenking og praktisk forståing
  • Utarbeide og oppdatere undervisningsplanar og læringsmateriell i tråd med gjeldande studieplanar og forskrifter
  • Samarbeide med kollegaer, fagmiljø og relevante aktørar i næringa
  • Bidra til vidareutvikling av fagområdet og utdanningstilbodet
  • Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein triveleg arbeidsplass i Måløy med eit engasjert team av lærarar
  • Motiverte og engasjerte studentar med praktisk erfaring frå sjøen
  • Eit fagleg sterkt og utviklande arbeidsmiljø
  • Arbeidstid som følgjer skuleåret, med avspasering i skuleferiane
  • Konkurransedyktige lønsvilkår
  • Tilrettelegging for vidareutdanning
  • Moglegheiter for deltaking i utviklingsarbeid, prosjekt og konferansar

Requirements

  • Du må vere maskinoffiser, fortrinnsvis med sertifikat klasse M1.
  • Du må ha gode digitale ferdigheiter og evne til å nytte moderne undervisningsverktøy.
  • Du må ha evne til å undervise digitalt.
  • Det er krav om pedagogisk kompetanse i stillinga, som kan takast innan tre år etter tilsetjing.
  • Du må ha gode formidlingsevner og engasjement for fag og undervisning.

Skills

Maritim maskin- og elektrofagSkipsteknikkMaritim leiingPedagogikkDigital undervisningFormidlingSamarbeid

Experience

mid-level

Similar Jobs