Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
I Apility byggjer vi teknologi som blir brukt av nokre av Noregs mest spennande attraksjonar, museum og opplevingsaktørar. Gjennom vår eigen plattform Entrii hjelper vi reiselivsbedrifter og tenestetilbydarar med å selje billettar og opplevingar, administrere kapasitet og skape betre gjesteopplevingar.
Vi byggjer no eit sterkare produktmiljø i Sogn. Derfor er vi på jakt etter menneske som kombinerer interesse for teknologi med forståing for reiseliv, opplevingar, marknadsføring eller digital produktutvikling. Hos oss får du høve til å jobbe med eit produkt som har direkte innverknad på korleis menneske opplever kultur, historie, natur og aktivitetar.
Midt i ein av Noregs sterkaste reiselivsregionar
Vi held til midt i hjartet av Vestlandet, omgitt av nokre av dei mest besøkte natur- og reiselivsdestinasjonane i landet. Her møter vi kvar dag den bransjen vi utviklar teknologi for. Mange av kundane våre er blant dei leiande aktørane innan opplevingar, kultur, attraksjonar og aktivitetar.
Teknologi som skaper opplevingar
Når nokon besøkjer eit museum eller bestiller ein aktivitet, er det lett å tenkje at opplevinga startar når dei kjem fram. Vi veit at ho startar lenge før. Gjennom teknologi for booking, billettsal, marknadsføring og innsikt er vi med på å forme heile kundereisa.
Dette kan du få jobbe med
Hos oss er ingen dagar heilt like. Du kan mellom anna få jobbe med:
- Produktutvikling og innovasjon
- Systemarkitektur og integrasjonar
- UX og tenestedesign
- Kunstig intelligens og automatisering
- Data og innsikt
- Digitalisering av reiselivs- og opplevingsnæringa
Requirements
- Du har erfaring frå reiseliv og opplevingsnæringa.
- Du har erfaring med digitale produkt og teknologi.
- Du har erfaring frå marknadsføring og kommersiell utvikling.
- Du har erfaring frå kundeservice og gjesteoppleving.
- Du har erfaring frå produktleiing og prosjektleiing.
Skills
Experience
mid-level