Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Prosjekteringsleiar for bruprosjekt
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange bruprosjekt i porteføljen dei komande åra. Til prosjektorganisasjonen søker vi prosjekteringsleiar innafor større bruprosjekt som ny Remøybru og ny Steinvågbru. Der vil du inngå i eit team med blant anna prosjektleiar, byggeleiar, kontrollingeniør, prosjekterande og støtteressursar. Du vil rapportere til prosjektleiar.
Stillinga har kontorstad Ålesund. Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Arbeidsoppgåver
- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket.
- Følgje opp enkeltprosjekta gjennom planlegging, prosjektering og anskaffing.
- Koordinere prosjekteringa med andre seksjonar og fagmiljø i vegavdelinga.
- Delta i valg av kontraktstrategi og utlysing av kontrakter.
- Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen.
- Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø.
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
- Løn etter avtale.
Requirements
- Du må ha bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig utdanning).
- Det er ønskeleg med erfaring frå prosjektering av betong- og/eller stålkonstruksjonar.
- Du må ha god kjennskap til digitale verktøy.
- Det er ønskeleg med erfaring i bruk av BIM.
- Du må inneha førarkort klasse B.
Skills
ProsjektleiingBruprosjekteringBIMHMS-oppfølgingKontraktstrategiSamarbeidsevnerKommunikasjon
Experience
mid-level