Autosøk

FerdigheterAI-generert

Bykle

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommune, kor Bykle er vetskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, kommuneoverlegen, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familiestøtte.

Vi har no ledig ein 100% vikar stilling som sjukepleiar på legekontor. Stillinga inngår i bemanninga ved dei tre legesentera våre og er knytt til både fastlegepraksis og daglegevakt.

Arbeidskvardagen er variert og omfattar mellom anna telefontriagering, pasientmottak, prøvetaking, assistanse ved undersøkingar og medisinske inngrep, handsaming av prøvemateriale og skadestovearbeid som sårskift, suturfjerning og øyreskylling. Arbeidsoppgåvene omfattar òg observasjon og vurdering av pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp, oppstart av behandling og stabilisering før eventuell vidare transport til sjukehus.

Det utlyste vikariatet omfattar i tillegg oppfølging av pasientar med diabetes i begge kommunane. Sjukepleiarane har òg ansvar for vedlikehald og kontrollrutinar for medisinteknisk utstyr, i tillegg til bestilling av legemiddel.

Arbeidstida er i utgangspunktet måndag til fredag kl. 08.00–15.30. Det kan òg bli aktuelt med legevakter på ettermiddagstid i samband med høgtider og heilagdagar.

Requirements

  • Du må vere offentleg godkjent sjukepleiar.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må ha god framstillingsevne på skandinavisk, både munnleg og skriftleg, samt basale engelskkunnskapar.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Det er krav om politiattest ved tilsetting.

Skills

SjukepleieTelefontriageringPasientmottakPrøvetakingSkadestovearbeidInfoDocDiabetesoppfølging

Salary

Konkurransedyktig løn

Experience

mid-level

Similar Jobs