Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Leiar til verftsdrift
Er du ein tydeleg leiar med teknisk innsikt og interesse for verftsdrift? Vi ser etter deg som trivst med ansvar og som motiverast av å planleggje, koordinere og leie viktige aktivitetar innan nybygg, reparasjonar og dokkoperasjonar. Du tek initiativ, skapar struktur og bidreg til at prosjekt vert gjennomførte på ein trygg og effektiv måte.
Hos Ulstein blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der samarbeid på tvers av fagområde står sentralt. Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med spennande utfordringar, høgt tempo og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og leiing av arbeid om bord i nybygg, på reparasjonsoppdrag og på anlegget
- Bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar
- Rapportering av framdrift i samsvar med planlagde aktivitetar
- Sørge for at anlegget til ei kvar tid vert halde i orden, og er ryddig
- Fokus på utøving av godt HMS-ansvar
- Ansvarleg for inn-/utdokking av skip
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Requirements
- Du må ha leiarerfaring.
- Du må ha god teknisk forståing.
- Du må ha gode datakunnskapar.
- Du må beherske norsk og engelsk godt, både skriftleg og munnleg.
- Erfaring eller kjennskap til riggarbeid på skipsverft er ein fordel.
Skills
LeiarerfaringTeknisk forståingHMS-ansvarProsjektleiingBemanningskontrollDokkoperasjonar
Experience
mid-level