Autosøk
Tolletaten logo

Er du utviklingsorientert og søkjer nye utfordringar?

Tolletaten

5037 Bergen

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Er du utviklingsorientert og søkjer nye utfordringar?

Tolletaten søkjer seksjonssjef til ein nyoppretta seksjon for forretningsutvikling i Vareførselsdivisjonen (VD). Seksjonen er organisert under ei nyoppretta avdeling for vareførselsutvikling. Vareførselsdivisjonen har nasjonalt ansvar for den registrerte vareførselen, og hovudkontor i Bergen.

Vi søkjer ein handlekraftig og utviklingsorientert leiar som blir motivert av å få ei sentral rolle i arbeidet med den kontinuerlege vidareutvikling av ein viktig samfunnsfunksjon. Som leiar av seksjonen vil du få eit særleg ansvar for å formidle vurderingar og behov både frå fagsida og eksterne interessentar som grunnlag for juridiske regelverksutvikling og utviklinga av etatens digitale løysingar.

Sentrale arbeidsoppgåver:

Som leiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie seksjonen både administrativt og fagleg. Du vil:

  • Ha personal- og leiaransvar for medarbeidarane i eininga.
  • Samarbeide med andre einingar, utviklingsinitiativ og prosjekt internt i etaten, og med aktuelle eksterne samarbeidspartnarar.
  • Få ei sentral rolle i å strukturere opp og prioritere utviklingsarbeidet i divisjonen.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for den rette kandidat til å forme og utvikle ein nyoppretta seksjon.
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med eit viktig felles samfunnsoppdrag.
  • Lønn i spennet 840 000 - 920 000, med moglegheit for høgare lønn for særskilt kvalifiserte.
  • Moderne kontorlandskap sentralt på Danmarksplass i Bergen.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.

Requirements

  • Du må ha relevant mastergrad eller tilsvarande, der lang og relevant erfaring i nokre tilfelle kan erstatte kravet.
  • Du må ha relevant leiarerfaring.
  • Du må ha svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne på engelsk.
  • Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG/NATO SECRET.

Skills

ForretningsutviklingPersonal- og leiaransvarProsjektleiingProsessleiingDigitaliseringStrategisk leiingTverrfagleg samarbeid

Salary

840 000 - 920 000 NOK

Experience

senior

Similar Jobs