Autosøk

Heimehjelp

Høyanger kommune Open omsorg Høyanger

August Gunnarskogs gate, 6993 Høyanger

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Open omsorg Høyanger er lokalisert i helse og sosialsenteret i Høyanger sentrum. Tenesta inneheld heimesjukepleie, heimehjelpstenester og dag- og aktivitetstilbod til brukarar. Tenesta har totalt om lag 250 brukarar og arbeidsområdet er Høyanger/Kyrkjebø/Nessane.

Vi har ledig 100% stilling som heimehjelp frå snarast. Arbeidstid dagtid men etter kvart nokre ettermiddagar og arbeid 3 eller fjerde kvar helg. Arbeid i helg er ved heimesjukepleien.

Stillinga inneber hjelp i heimen til heimebuande brukarar i området Høyanger/Kyrkjebø og Nessane. Oppgåver som ligg til stillinga er husvask, handling, tilrettelegging for måltid og noko arbeid med stell i brukar sin heim/ omsorgsbustad.

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre.

Requirements

  • Du må ha evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre.
  • Du må vere serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.
  • Du må ha god muntleg og skriftleg kunnskap i norsk.
  • Du må ha førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir).
  • Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart.

Skills

ServiceinnstillingKommunikasjonsevnerHusvaskPraktisk bistandSamarbeidsevner

Salary

Lønn etter tariff

Experience

entry-level

Similar Jobs