Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Om avdelinga:
Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 225 elevar fordelt på 12 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil vest for Straume. Skulen har dei siste åra hatt lesing og elevane sitt læringsmiljø som hovudsatsingsområde, noko vi har bestemt oss for å halda fast ved framover. Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.
Arbeidsoppgåver:
- Leiaransvar og leiaroppgåver knytt til dagleg drift og utvikling av skulen, inkludert ansvar for vikardrift og oppfølging av vikarar.
- Delta i skulen sitt leiarteam med eit særleg ansvar for 5.-7. trinn.
- Leiing av skulen sitt utviklingsarbeid saman med resten av leiarteamet.
- Koordineringsansvar knytt til elevar med særskilte behov og tilrettelegging utover det ordinære.
- Samarbeid med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
- Stillinga er tillagt om lag 40% undervisning.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Interessante utfordringar.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
Requirements
- Du må ha godkjent undervisningskompetanse for å undervise i grunnskulen.
- Du må ha erfaring frå undervisning i grunnskulen.
- Du må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Det er ønskjeleg med leiarerfaring og erfaring med utviklingsarbeid.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med born med særlege behov.
Skills
SkuleleiingUndervisningUtviklingsarbeidRelasjonsbyggingKommunikasjonSystemforståing
Experience
mid-level