Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Ledig stilling som Klokkar i Lomen, Røn og Øyar
Vil du vere med og skape gode og verdige gudstenester og kyrkjelege handlingar i Vestre Slidre? Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og påliteleg klokkar til Lomen, Røn og Øyar kyrkjer.
Arbeidsoppgåver
Klokkaren assisterer ved gudstenester og kyrkjelege handlingar i samsvar med Den norske kyrkja si gudstenesteordning. Oppgåvene omfattar mellom anna:
- Medverknad som medliturg når ikkje anna er avtalt
- Informasjon om gudsteneste
- Lesing av tekstar og bøner
- Medhjelpar ved nattverdutdeling
- Kunngjeringar
- Førebuing av kyrkjerommet før gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Setje opp salmenummer
- Orientere kyrkjevertar
- Sjå til at lydanlegg og mikrofonar fungerer
- Ta imot dåpsfølgje
- Organisere og samle inn takkoffer
- Rapportering til kyrkjekontoret
Requirements
- Du må ha interesse for kyrkja sitt arbeid og gudstenesteliv.
- Du må vere positiv, ansvarsmedviten og påliteleg.
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig.
- Du må kunne samarbeide godt med tilsette og frivillige.
- Du må møte menneske med respekt, varme og omsorg.
Skills
GudstenesteordningMedliturg-oppgåverOrganiseringKommunikasjonSamarbeidsevnerServiceinnstilling
Experience
entry-level, junior, mid-level, senior, lead, executive