Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Seksjonssjef - forretningsutvikling
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. Tolletaten søkjer seksjonssjef til ein nyoppretta seksjon for forretningsutvikling i Vareførselsdivisjonen (VD).
Vi søkjer ein handlekraftig og utviklingsorientert leiar som blir motivert av å få ei sentral rolle i arbeidet med den kontinuerlege vidareutvikling av ein viktig samfunnsfunksjon. Som leiar av seksjonen vil du få eit særleg ansvar for å formidle vurderingar og behov både frå fagsida og eksterne interessentar som grunnlag for juridiske regelverksutvikling og utviklinga av etatens digitale løysingar.
Seksjonen bidrar med ressursar både for å ivareta forretningsutvikling i store etatsomfattande program og prosjekt, som til dømes «Digitoll» og «Fremtidens Tollbehandling» og med prosjektleiing og prosesstøtte til interne einingar og divisjonen sine eigne utviklingsinitiativ.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Ha eit heilskapleg ansvar for å leie seksjonen både administrativt og fagleg.
- Ha personal- og leiaransvar for medarbeidarane i eininga.
- Samarbeide med andre einingar, utviklingsinitiativ og prosjekt internt i etaten, og med aktuelle eksterne samarbeidspartnarar.
- Strukturere opp og prioritere utviklingsarbeidet i divisjonen.
Requirements
- Du må ha relevant mastergrad eller tilsvarande, men lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatte dette kravet.
- Du må ha relevant leiarerfaring.
- Du må ha svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk.
- Du må ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne på engelsk.
- Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG/NATO SECRET.
Skills
Salary
840 000 – 920 000 NOK
Experience
senior