Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Sauda vidaregåande skule søkjer lærarar til Vg3 yrkessjåfør
Frå 1. september 2026 har vi ledig inntil 200 % stilling. Me tilbyr ei spanande stilling der du vil ha hovudansvaret for den praktiske opplæringa på C og CE eller D, for ei fast gruppe elevar kvart semester. Her får du høve til å bli godt kjend med elevane. I tillegg vil du undervise i trafikkfag i klasserommet, i samarbeid med dei andre lærarane på avdelinga.
Ansvars- og fagområde for stillinga:
- Undervisning og rettleiing innan aktuelle fag.
- Deltaking i teamarbeid innan aktuelle fagseksjonar.
- Deltaking i pedagogisk og fagleg utviklingsarbeid.
Som tilsett hos oss får du:
- Ferie og avspasering i tråd med skuleåret.
- Utfordrande oppgåver i eit utviklande arbeidsmiljø.
- Ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapen.
- Løns- og arbeidsvilkår etter avtale.
- Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår.
Requirements
- Du må ha godkjenning som trafikklærar for tunge køyretøy.
- Du må ha to års relevant utdanning utover vidaregåande skulenivå.
- Du må ha fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring.
- Du må inneha førarkort klasse B, C, CE, D og DE.
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) eller tilsvarande er påkravd.
- Godkjend politiattest er eit krav ved tilsetjing.
Skills
Trafikklæring for tunge køyretøyUndervisning og rettleiingTeamarbeidPedagogisk utviklingsarbeidRelasjonsbyggingKommunikasjon
Experience
mid-level