Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Lærar Kleppe skule
Vi har ledig vikariat og søker etter ein motivert og engasjert kontaktlærar som ønsker å utgjere ein forskjell for elevane våre. Vil du arbeide på ein spennande barneskule med gode kollegaer? Vi har ledig lærarvikariat i 100% frå snarast og til 31.07.27.
Visjonen vår er saman om ein god start, og verdiane inkludering og meistring er viktige for oss i arbeidet med å skape ein framtidsretta skule der elevane kan utvikle seg i eit trygt og utforskande læringsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre variert, utforskande og inkluderande undervisning.
- Sørgje for eit trygt, inkluderande og godt skule- og klassemiljø.
- Bidra til eit godt skule-heimsamarbeid.
- Delta aktivt i profesjonsfellesskapet.
Vi tilbyr
Klepp kommune har gode velferdsordningar, pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk.
Krav
- Du må ha godkjent undervisningskompetanse, GLU 1-7, allmennlærarutdanning eller barnehagelærarutdanning.
- Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Du må ha god digital kompetanse.
- Du må vere ein motivert og engasjert pedagog som er god til å skape relasjonar til elevar.
- Du må vere ein tydeleg og varm klasseleiar.
Ferdigheter
Erfaring
junior
