Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Rektor Kleppelunden skule
Vil du vera med og skapa framtidas skule? Kleppelunden skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor som ønskjer å leia skulen vidare inn i framtida. Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vera med og vidareutvikla ein moderne skule med høge ambisjonar på vegne av elevane.
Kleppelunden skule er ein barneskule i Klepp kommune med om lag 300 elevar og 50 tilsette i skule og SFO. Skulen ligg sentralt til i Klepp, med flotte Kleppeloen som næraste nabo. Me flytta inn i heilt nye og moderne lokale i august 2024.
Arbeidsoppgåver
- Leia og motivera tilsette i profesjonelle lærande fellesskap
- Målretta samarbeid for god trivsel og auka læringsutbytte til elevane
- Leia skuleutvikling
- Skapa godt samspel med elevar, tilsette, foreldre, tillitsvalt, verneombod og nærmiljø
- Driva økonomistyring og resultatkontroll
Krav
- Du har relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaring.
- Du har erfaring frå offentleg grunnskule.
- Du har erfaring og kunnskap frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling.
- Du har gjennomført rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning, eller er villig til å starta vidareutdanning innan leiing innan 2 år etter tilsetting.
- Du har kunnskap og erfaring innan digital praksis.
Ferdigheter
Pedagogisk leiingSkuleutviklingØkonomistyringRelasjonsbyggingDigital kompetanseKommunikasjon
Lønn
Lønn etter avtale
Erfaring
senior
