Autosøk
Arbeidsområde: Søre Sunnmøre og delar av Nordfjord. logo

Tømrar

Arbeidsområde: Søre Sunnmøre og delar av Nordfjord.

Indrehovdevegen 64, 6160 Hovdebygda

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Grunna auka aktivitet søker vårt tømrerselskap, Tema Bygg AS, sjølvstendige og strukturerte tømrarar. Vi bygger over heile Sunnmøre og i Nordfjord.

Norhus har eit uformelt og godt arbeidsmiljø, med trivelege kollegaer. Dei fleste tilsette har jobba i selskapet i lengre tid og har eit sterkt samhald. Vi tilbyr gode vilkår og forsikringsordningar.

Arbeidsområde: Søre Sunnmøre og delar av Nordfjord.

Norhus er eit selskap med lang erfaring i bransjen. Vi er kjende for store utbyggingsprosjekt på heile Sunnmøre og delar av Nordfjord. Vi bygg primært ut bustadfelt med fleirmannsbustadar, men har også hytter og einebustadar under oppføring.

Vi har hovudkontor i Ørsta, og eit større avdelingskontor i Ålesund. Grunna auka aktivitet på Søre Sunnmøre og i Ålesund søker vi derfor etter fleire flinke folk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utfordrande oppgåver
  • Sjølvstendige arbeidsoppgåver og ansvarsområde
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Triveleg og uformelt miljø
  • Personlege utviklingsmoglegheiter

Krav

  • Du må ha fagbrev som tømrar eller lang erfaring som kan kompensere for fagbrev.
  • Du må vere løysingsorientert i det daglege arbeidet.
  • Du må evne å jobbe strukturert og målretta med god gjennomføringsevne.
  • Du må ha førerkort klasse B, og gjerne også BE.
  • Du må ha gode samarbeidsevner med eigne kollegaer og andre faggrupper.
  • Du må ha fast bustad i området Ørsta/Volda.

Ferdigheter

TømrarfagBygging av bustadfeltSjølvstendig arbeidStrukturert arbeidsmetodikkSamarbeidsevnerGjennomføringsevne

Erfaring

mid-level

Lignende jobber