Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved RFT Sogn og Fjordane har vi ledig ei fast stilling som RFT-terapeut i 100% stilling. Vi søkjer no etter ein terapeut til teamet vårt for relasjonsfokusert familieterapi (RFT) i Sogn og Fjordane. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har arbeidsstad i Sogn-regionen.
Kva vil arbeidskvardagen din bestå av?
RFT-teamet består av fem terapeutar som arbeider tett saman om å planleggje og kvalitetssikre oppfølginga familiane får. Samstundes arbeider terapeutane sjølvstendig med familiane og har stor grad av fleksibilitet til å organisere det kliniske arbeidet. Møta blir som regel gjennomførte i heimane til familiane, og stillinga inneber difor ein del reising og bilkøyring.
Arbeidsoppgåver og ansvar
- Gjennomføre familieterapeutisk arbeid i tråd med den kliniske modellen for tiltaket.
- Koordinere det faglege arbeidet i enkeltsaker.
- Følgje og gjennomføre tiltaket sine kvalitetssikringsrutinar.
- Delta i opplæring og fast vekentleg rettleiing saman med teamet.
- Bidra til informasjonsarbeid om tiltaket ut mot kommunane.
- Bidra med behandlingsdata til NUBU si forsking og evaluering av metoden.
Kva får du hos oss?
- Grundig opplæring i RFT-modellen.
- Fast vekentleg rettleiing knytt til det kliniske arbeidet.
- Fagleg oppfølging og gode moglegheiter for utvikling.
- Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt fagmiljø.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Krav
- Du må ha utdanning som psykolog med norsk autorisasjon, eller høgskuleutdanning med vidareutdanning i familieterapi/klinisk mastergrad innan helse- og sosialfag.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå klinisk og terapeutisk arbeid med familiar, barn og unge.
- Du må ha god kjennskap til det teoretiske grunnlaget for metoden, inkludert systemteori og familieterapi.
- Du må inneha førarkort for bil.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og ha gode evner til skriftleg dokumentasjon.
Ferdigheter
Lønn
650 000 - 930 000 NOK per year depending on qualifications
Erfaring
mid-level