Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Firda Billag Buss AS ser no etter ein strukturert og engasjert trafikkleiar til vårt kontor i Stryn. Kjenner du at du trivst ekstra godt når dagen byr på litt fart og utfordringar? Då kan du passe perfekt som vår nye trafikkleiar.
Som trafikkleiar vil du bli ein del av eit team, som har ansvar for dagleg drift i Nordfjord. Du vil vere ein viktig kontaktperson for sjåførar og kundar, og sikre effektiv drift og god service. Rolla kan tilpassast litt kvalifikasjonane til den som søker.
Arbeidsoppgåver:
- Koordinering mellom sjåførar, kundar og oppdragsgjevar
- Disponering av personell og køyretøy og oppfølging av køyreplanar
- Administrative oppgåver som naturleg høyrer til stillinga
Firda Billag Buss AS køyrer dei lokale rutene i Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg har vi eiga turbuss-avdeling og samarbeider med andre busselskap om ekspressbussruter. Vi er opptatt av å levere tenester av høg kvalitet, og har fokus på at våre passasjerar får ei trygg og god reiseoppleving. Vil du vere med å bidra?
Krav
- Du er serviceinnstilt og løysingsorientert i møte med utfordringar.
- Du har god digital kompetanse og erfaring med administrative system.
- Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team.
- Du beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Relevant erfaring frå trafikkstyring, transport eller administrasjon er ønskeleg.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level