Autosøk
Ansvarsområde logo

Assisterande lagerleiar

Ansvarsområde

Dalsmoen 5, 5709 Voss

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Encon AS søkjer ein ansvarsfull og engasjert assisterande lagerleiar til vårt lager på Voss. Du vil ha ei viktig rolle i den daglege drifta.

Encon er ein fullsortimentsgrossist med eit breitt vareutval, der kvalitet i alle ledd står i fokus. Vi skal alltid vere til stades for kunden, og i rolla som assisterande lagerleiar er det avgjerande å forstå at Encon er ei servicebedrift.

Ansvarsområde

  • Støtte og erstatte lagerleiar ved behov - leie, motivere og følgje opp medarbeidarar.
  • Bidra til effektiv og nøyaktig drift i alle delar av lageret (kjøl, frys, frukt og grønt, og tørrlager).
  • Sjå behov, ta initiativ og sikre at nødvendige oppgåver blir løyst.
  • Sikre nøyaktig vareflyt, plukking og pakking - med fokus på kvalitet og kundetilfredsheit.
  • Bruke lagersystemet effektivt.

Krav

  • Du må ha høg arbeidskapasitet, vere lærevillig og nøyaktig.
  • Du må ha god IT-kunnskap og forståing.
  • Du må meistre munnleg og skriftleg norsk.
  • Du må vere god på kommunikasjon og samarbeid.
  • Du må ha evne til å handtere hektiske dagar og omstillingar.
  • Du må vere løysingsorientert, proaktiv og ha godt blikk for detaljar.

Ferdigheter

LagerdriftTeamleiingVareflytIT-forståingKommunikasjonLogistikkPlukking og pakking

Erfaring

mid-level,job_category:

Lignende jobber