Autosøk
FINN-kode: logo

Fagansvarleg eletrikar

FINN-kode:

5430 Bremnes

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Fagansvarleg elektrikar

Me søkjer no etter ein elektrikar som skal ha det faglege ansvaret knytt til elektrisk anlegg i Seashore Sjø (Oppdrett). Hos oss vil du gå inn som fagansvarleg i eit teknisk team med to andre elektrikarar. Du vil ha kontorplass på Bømlo, men må serve våre lokalitetar. Desse ligg i området rundt Bømlo, Hardanger og ned til Tau i Rogaland.

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle elektrofaget i selskapet.
  • Etablere og forbetre rutinar og arbeidsprosessar.
  • Sikre høg kvalitet og etterleving av gjeldande regelverk.
  • Bidra til standardisering som gir tryggare og meir effektive arbeidsprosessar.
  • Vere fagleg sparringspartnar for kollegaer og leiarar.
  • Identifisere og gjennomføre forbetringstiltak innan kvalitet, sikkerheit og effektivitet.
  • Bidra til utvikling av framtidsretta teknologiske løysingar.

Arbeidet vil i periodar krevje stor tilstadeværelse på selskapet sine sjølokalitetar.

Me tilbyr

  • Ei spanande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen.
  • Konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Firmahytter i Røldal, Voss og Spania.

Krav

  • Du må kunne godkjennast som fagleg ansvarleg etter FEK §7.
  • Du må ha relevant bachelor-, master- eller fagskuleutdanning innan elektro, kombinert med relevant fagbrev.
  • Du må ha minimum tre års relevant praksis etter fullført utdanning.
  • Du må ha god kunnskap om relevante forskrifter, normer og standardar innan elektrofaget.
  • Du må inneha førarkort klasse B.

Ferdigheter

Elektrofagleg leiingKvalitetssikringInternkontrollsystem (HMS)Teknisk dokumentasjonStandardisering av arbeidsprosessarFEK §7 kompetanse

Erfaring

mid-level

Lignende jobber