Autosøk

100 % avtaleheimel i klinisk nevropsykologi i Helse Førde foretaksområde

FINN-kode:

Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

100 % avtaleheimel i klinisk nevropsykologi i Helse Førde foretaksområde

100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i klinisk nevropsykologi er ledig omgåande.

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:

  • Erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis.
  • Erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist.
  • Evne til å gjennomføre målretta og avgrensa pasientforløp i tråd med mandatet til spesialisthelsetenesta.
  • Personlege eigenskapar.
  • Samarbeid med andre.
  • Innretning av praksis.

Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest RHF og Norsk psykologforening.

Arbeidsoppgåver

Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle "sørge for" -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Helse Førde. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn"). Avtalespesialisten mottar pasientar frå Helse Førde.

Det vil i den individuelle driftsavtalen bli fastsett eit minstekrav til inntak av nye pasientar kvar månad.

Vilkår og rammer

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.

Krav

  • Du må vere godkjend spesialist i klinisk nevropsykologi.
  • Du må ha erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis.
  • Du må kunne gjennomføre målretta og avgrensa pasientforløp i tråd med spesialisthelsetenesta sitt mandat.
  • Du må ha gode samarbeidsevner for å jobbe med andre aktørar i helsevesenet.
  • Du må kunne inngå og etterleve samarbeidsavtale med Helse Førde.

Ferdigheter

Klinisk nevropsykologiDiagnostikkPasientbehandlingSjølvstendig næringsdriftSamarbeidsevnerJournalføring og lovforståing

Erfaring

senior

Lignende jobber