Tilkallingsvikar som barnehagelærar i barnehage, barnehageåret 2026/2027
Volda kommune, Avdeling barnehage
Stormyra 2, 6100 Volda
Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Tilkallingsvikar som barnehagelærar i barnehage, barnehageåret 2026/2027
Volda kommune treng barnehagelærarar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikar i barnehage. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2026/2027.
Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkarar som kan vere tilkallingsvikarar i dei kommunale barnehagane.
Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel, og vere budd på å arbeide med alle barnegrupper i alderen 0-6 år. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periodar. Stillingsstorleik vil vere etter behov, og kan variere.
Vi tilbyr
Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Krav
- Du må ha godkjent utdanning som barnehage- eller førskulelærar.
- Du må ha god framstillingsevne på både munnleg og skriftleg norsk.
- Du må ha bestått norskprøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27 og UDIR § A2-B1.
- Du må kunne stille opp på kort varsel for arbeid i barnehage.
- Du må kunne leggje fram gyldig politiattest ved tiltreding.
Ferdigheter
Erfaring
entry-level