Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Vernepleiar - 100 % fast
Vil du jobbe med menneske, utvikle deg fagleg og få støtte frå dag ein? Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape trygge og gode tenester for bebuarane våre.
Svingen og Reini er moderne bufellesskap med høvesvis 11 og 4 leilegheiter, og gode fellesareal både inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar i alle aldrar, og med varierande behov for hjelp.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøterapi og oppfylging av psykisk og fysisk helsetilstand hjå bebuarane
- Kontakt med pårørande, verge og ulike samarbeidspartnerar
- Koordinerande funksjon
- Ansvarsvakt
- Utarbeide vedtak etter kap. 9
- Fylgje opp og evaluere tiltak
- Rettleiing til personalgruppa i faglege spørsmål
- Medikamenthandtering
Vi tilbyr
- Vernepleierar får eit lokalt tillegg på kr 48.000 over gjeldande tariff i 100 % stilling
- Mentorprogram med oppfylging og støtte frå erfaren kollega
- Fagleg rettleiing og kompetanseheving
- Gode velferdsordningar med tilbod om bading i kommunale anlegg
- God forsikrings- og pensjonsordning
Krav
- Du må ha autorisasjon som vernepleiar, men andre med relevant høgskuleutdanning kan også søkje.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå miljøarbeid.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Du må inneha førarkort klasse B for manuelt gir.
- Du må vere open for å ta i bruk velferdsteknologi som ein del av tenesteytinga.
Ferdigheter
MiljøterapiMedikamenthandteringTverrfagleg samarbeidVelferdsteknologiRettleiingDokumentasjon
Lønn
Lokalt tillegg på kr 48.000 over gjeldande tariff
Erfaring
junior