Autosøk

80% Vikariat barne- og ungdomsarbeidar ved Lalm barnehage

Lalm Barnehage

Vågå

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

80% Vikariat barne- og ungdomsarbeidar ved Lalm barnehage

Lalm barnehage er ein fire-avdelingsbarnehage som ligg ca. 12 km austover for Vågåmo sentrum. For neste barnehageår har vi ledig eit 80% svangerskapsvikariat som barne- og ungdomsarbeidar.

Arbeidsoppgåver

  • Vere aktiv i relasjonsarbeidet med barna.
  • Bidra i endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen.
  • Vere observant, inkludere barn i leik og støtte barna i sosialt samspel.
  • Bidra aktivt til eit nært samarbeid mellom heim og barnehage.
  • Samarbeide tett med kollegaer om å løyse barnehagens oppgåver.
  • Vere aktiv i planlegging og gjennomføring av leik, aktivitetar og rutinar.
  • Kan få som oppgåve å vera rettleiar for lærlingar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og barnehagen si faglege utvikling.
  • Fine lokale og uteområde med stor variasjon der barna opplever meistring.
  • Lønn etter sentrale avtaler og Vågå kommunes lokale avtaler.
  • God pensjonsordning.

Krav

  • Du bør ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men annan relevant bakgrunn kan vurderast.
  • Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter på både munnleg og skriftleg norsk.
  • Du må vere ein trygg og god rollemodell for barna i leik og sosialt samspel.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og i lag med andre mot felles mål.
  • Du må ha eit glødande engasjement for barna og uteglede.

Ferdigheter

RelasjonsarbeidPedagogisk arbeidSamarbeidsevnerKommunikasjonUteaktivitetarRettleiing

Erfaring

junior

Lignende jobber