Autosøk

Er du på leit etter ny og innhaldsrik jobb?

Vindafjord kommune Solbakken

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Er du på leit etter ny og innhaldsrik jobb?

Me har no ledig 100% vikariat i perioden 01.10.26 til 28.02.2028 ved avdeling Solbakken.

Tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse-og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlastning, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeids- og aktivitetssenter. Det er tre avdelingar i tilrettelagte tenester. To av desse er heildøgnsbemanna bufellesskap der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.

Eining tilrettelagte tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg eigenmestring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Gje meiningsfull praktisk hjelp og bistand etter vedtak /tiltak etter brukaranes behov.
  • Jobbe tett saman med andre miljøterpeutar, fagarbeidarar og assistentar i team.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling av tenestene våre.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Krav

  • Du må ha autorisasjon som vernepleiar, sjukepleiar, sosionom eller helsefagarbeidar.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus før tiltredelse.

Ferdigheter

MiljøarbeidPraktisk bistandIKT-kompetanseElektronisk pasientjournalRettleiingSamarbeidsevner

Erfaring

mid-level

Lignende jobber