Autosøk

Sjukepleiar vikariat ved Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt

Kvinnherad kommune Helse

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Sjukepleiar vikariat ved Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt

Kvinnherad kommune har vel 13 300 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. I Kvinnherad får du ikkje berre ein spennande jobb, men også høve til å leva og trivast i ein kommune med mange fordelar.

To 100 % vikariat som sjukepleiar ved Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt

Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt har ledig to 100 % vikariat som sjukepleiarar frå snarast mogleg og til 30. april 2027. Stillingane inngår i turnusordning mellom Husnes helsesenter og Kvinnherad legevakt.

Arbeidsoppgåver ved Husnes helsesenter

  • Handtera førespurnader frå innbyggjarar som treng medisinsk hjelp
  • Rettleia og gi råd til pasientar
  • Prioritera og setja i verk rett behandlingsnivå
  • Ivareta dokumentasjon og kvalitetssikring av verksemda
  • Laboratoriearbeid
  • Behandling av kroniske og akutte tilstandar på skadestove
  • Assistera lege ved undersøkingar og mindre kirurgiske inngrep
  • Administrera medikament etter ordinasjon frå lege

Arbeidsoppgåver ved Kvinnherad legevakt

  • Ta imot førespurnader på telefon og i ekspedisjon
  • Klinisk prioritera, observera og behandla pasientar på skade- og akuttstove
  • Gi råd og rettleiing etter Legevaktindeks
  • Ta imot, stabilisera og behandla akutt sjuke pasientar
  • Assistera lege ved undersøkingar og enkle inngrep
  • Utføra målingar og prøvetaking

Krav

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha evne til å handtera akutte situasjonar og høgt arbeidstempo.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå legekontor, legevakt eller anna relevant klinisk arbeid.
  • Det er ein fordel med gode IKT-kunnskapar og erfaring med journalsystem.

Ferdigheter

SjukepleieAkuttmedisinLegevaktarbeidPasientbehandlingLaboratoriearbeidDokumentasjonKommunikasjon

Erfaring

mid-level

Lignende jobber