Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Faglærar maskin/elektro i maritim utdanning på fagskulenivå
Vil du vere med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av utdanningane innan maskin- og dekksoffiserfaget? Då kan dette vere stillinga for deg!
Studiestaden vår i Måløy søkjer ein engasjert og fagleg dyktig medarbeidar til teamet vårt. Fagskulen Vestland er ein av dei største offentlege fagskulane i landet, og utdannar mellom anna framtidas dekksoffiserar og maskinoffiserar.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning innan maritime maskin- og elektrofag
- Undervise innan maskin, elektro, skipsteknikk og maritim leiing
- Integrere pedagogiske metodar som fremjar aktiv læring, kritisk tenking og praktisk forståing
- Utarbeide og oppdatere undervisningsplanar og læringsmateriell i tråd med gjeldande studieplanar og forskrifter
- Samarbeide med kollegaer, fagmiljø og relevante aktørar i næringa
- Bidra til vidareutvikling av fagområdet og utdanningstilbodet
- Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
Vi tilbyr
- Ein triveleg arbeidsplass i Måløy med eit engasjert team av lærarar
- Motiverte og engasjerte studentar med praktisk erfaring frå sjøen
- Eit fagleg sterkt og utviklande arbeidsmiljø
- Arbeidstid som følgjer skuleåret, med avspasering i skuleferiane
- Konkurransedyktige lønsvilkår
- Tilrettelegging for vidareutdanning
- Moglegheiter for deltaking i utviklingsarbeid, prosjekt og konferansar
Krav
- Du må vere maskinoffiser, fortrinnsvis med sertifikat klasse M1.
- Du må ha gode digitale ferdigheiter og evne til å nytte moderne undervisningsverktøy.
- Du må ha evne til å undervise digitalt.
- Det er krav om pedagogisk kompetanse i stillinga, som kan takast innan tre år etter tilsetjing.
- Du må ha gode formidlingsevner og engasjement for fag og undervisning.
Ferdigheter
Maritim maskin- og elektrofagSkipsteknikkMaritim leiingPedagogikkDigital undervisningFormidlingSamarbeid
Erfaring
mid-level