Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Vi ser no etter deg som vil bruke data til å skape innsikt, utvikle analysar og modellar, og ta i bruk ny teknologi som gir verdi i banken. Du trivst med å løyse problema vi ikkje har løyst enno, og forstår korleis data, analysar og teknologi kan skape verdi i banken.
Du blir ein del av Innsikt, banken sitt fagmiljø for data og analyse, og av avdelinga Økonomi og innsikt med 14 medarbeidarar innan økonomi, analyse, teknologi og styring. Vi arbeider med moderne teknologi for databehandling, automatisering og KI. Verktøy vi nyttar omfattar mellom anna Python, Snowflake, Microsoft Fabric, Power BI og Power Platform.
I denne rolla er du med på å utvikle korleis banken brukar data, automatisering og kunstig intelligens. Du vil vurdere nye metodar, finne ut kva som er verdt å gjere, få det gjennomført og samtidig sikre at løysingar fungerer i praksis og blir brukte.
Kva skal du jobbe med?
- Utforske, analysere og strukturere data for å skape innsikt og betre avgjerdsgrunnlag
- Utvikle analysar, modellar og datadriven avgjerdsstøtte som støttar prioriteringar og avgjerder i banken
- Identifisere moglegheiter for automatisering og kunstig intelligens, utvikle prototypar og bidra til løysingar som skapar verdi for banken
- Bidra til vurdering og innføring av nye teknologiar, metodar og løysingar
- Samarbeide med fagmiljø i banken og i alliansen for å utvikle og ta i bruk datadrivne løysingar
- Ta aktivt eigarskap og vere ein pådrivar for meir effektiv bruk av data og teknologi i organisasjonen
Krav
- Du har relevant høgare utdanning innan teknologi, informatikk, matematikk, statistikk eller liknande fagområde.
- Du har erfaring med å jobbe med data, analyse eller teknologi.
- Du har erfaring med analyseverktøy, dataplattformar og skyteknologi.
- Du er komfortabel med å drive oppgåver fram frå idé til gjennomføring.
- Du har god forståing for moderne teknologi, skybaserte løysingar og digitale plattformer.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level