CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommune, kor Bykle er vetskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, kommuneoverlegen, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familiestøtte.
Vi har no ledig ein 100% vikar stilling som sjukepleiar på legekontor. Stillinga inngår i bemanninga ved dei tre legesentera våre og er knytt til både fastlegepraksis og daglegevakt.
Arbeidskvardagen er variert og omfattar mellom anna telefontriagering, pasientmottak, prøvetaking, assistanse ved undersøkingar og medisinske inngrep, handsaming av prøvemateriale og skadestovearbeid som sårskift, suturfjerning og øyreskylling. Arbeidsoppgåvene omfattar òg observasjon og vurdering av pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp, oppstart av behandling og stabilisering før eventuell vidare transport til sjukehus.
Det utlyste vikariatet omfattar i tillegg oppfølging av pasientar med diabetes i begge kommunane. Sjukepleiarane har òg ansvar for vedlikehald og kontrollrutinar for medisinteknisk utstyr, i tillegg til bestilling av legemiddel.
Arbeidstida er i utgangspunktet måndag til fredag kl. 08.00–15.30. Det kan òg bli aktuelt med legevakter på ettermiddagstid i samband med høgtider og heilagdagar.
Krav
- Du må vere offentleg godkjent sjukepleiar.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
- Du må ha god framstillingsevne på skandinavisk, både munnleg og skriftleg, samt basale engelskkunnskapar.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Det er krav om politiattest ved tilsetting.
Ferdigheter
Lønn
Konkurransedyktig løn
Erfaring
mid-level