Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Surnadal på Nordmøre?
Vi søker no to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt. Ei av stillingane vil bli tillagt funksjonen som klinikkleiar. Begge stillingane er ledig for snarleg tiltreding.
Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
For stillinga med funksjon som klinikkleiar inngår også fagleg og administrativ leiing og personalansvar i samarbeid med overtannlegen.
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
- Etablerings- og stabiliseringstilskot
- Flyttetilskot
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som tannlege.
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fagleg engasjert og kvalitetsmedviten.
- Du må ha forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
- Du må kunne framlegge politiattest.
Ferdigheter
Lønn
Lønn etter avtale
Erfaring
entry-level