Autosøk

FerdigheterAI-generert

Ulstein Verft AS

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Leiar til verftsdrift

Er du ein tydeleg leiar med teknisk innsikt og interesse for verftsdrift? Vi ser etter deg som trivst med ansvar og som motiverast av å planleggje, koordinere og leie viktige aktivitetar innan nybygg, reparasjonar og dokkoperasjonar. Du tek initiativ, skapar struktur og bidreg til at prosjekt vert gjennomførte på ein trygg og effektiv måte.

Hos Ulstein blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der samarbeid på tvers av fagområde står sentralt. Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med spennande utfordringar, høgt tempo og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og leiing av arbeid om bord i nybygg, på reparasjonsoppdrag og på anlegget
  • Bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar
  • Rapportering av framdrift i samsvar med planlagde aktivitetar
  • Sørge for at anlegget til ei kvar tid vert halde i orden, og er ryddig
  • Fokus på utøving av godt HMS-ansvar
  • Ansvarleg for inn-/utdokking av skip

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Fleksitidsavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver

Krav

  • Du må ha leiarerfaring.
  • Du må ha god teknisk forståing.
  • Du må ha gode datakunnskapar.
  • Du må beherske norsk og engelsk godt, både skriftleg og munnleg.
  • Erfaring eller kjennskap til riggarbeid på skipsverft er ein fordel.

Ferdigheter

LeiarerfaringTeknisk forståingHMS-ansvarProsjektleiingBemanningskontrollDokkoperasjonar

Erfaring

mid-level

Lignende jobber