Ledig stilling som nyutdanna førstekonsulent
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Fortunen 1, 5013 Bergen
Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ledig ei fast stilling som førstekonsulent i juridisk avdeling.
Stillinga gir moglegheit for å arbeide mellom anna med lov- og forskriftsutvikling i eit sterkt nasjonalt fagmiljø. Kontorstaden er i Bergen, og stillinga er ledig frå 01. Januar 2027.
Avdeling for juridiske tenester har i dag 23 medarbeidarar, fordelt på kontorstadene våre i Bergen, Trondheim og Oslo. Vi yter juridisk rådgjeving og bistand til Kunnskapsdepartementet, kunnskapssektoren nasjonalt og internt i organisasjonen.
Sentrale oppgåver i stillinga vil vere:
- Medverke til koordinering av lov-, forskrifts- og høringsarbeid, mellom anna delta i arbeidet med å etablere eit nytt regelverk for samordnet masteropptak.
- Utarbeide innstillinger til vedtak i Felles klagenemnd i saker etter universitets- og høgskoleloven.
- Behandle spørsmål knytta til anskaffingar, innsyn, vedtak og klagesakshandsaming.
- Utgreie ulike juridiske problemstillingar innanfor heile HK-dirs ansvarsområde, med særleg vekt på forvaltingsrett og EU/EØS-rett.
Krav
- Du må ha norsk master i rettsvitskap med gode resultat.
- Du må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk.
- Du må ha god digital kompetanse og erfaring med relevante verktøy som Teams, Office og Adobe Pro.
- Du må kunne arbeide strukturert, effektivt og sjølvstendig.
- Du må vere analytisk og like å finne gode løysingar i utviklings- og forbetringsarbeid.
Ferdigheter
Juridisk rådgjevingForvaltingsrettEU/EØS-rettLov- og forskriftsarbeidSaksbehandlingDigital kompetanse
Lønn
580 000 - 650 000 NOK
Erfaring
entry-level