Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har no eit ledig vikariat som fagbioingeniør frå 26.10.2026 til 26.07.2027, med moglegheit for forlenging. Seksjonen har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 7 kjemikarar og 4 fagbioingeniørar. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom faggruppene og eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og fagleg engasjement.
Analyserepertoaret omfattar meir enn 50 ulike legemiddel og over 40 rusmiddel. Kvart år analyserer vi om lag 30 000 legemiddelprøver og 40 000 rusmiddelprøver frå både sjukehuset sine pasientar og primærhelsetenesta. I tillegg til omfattande rutinedrift driv vi og forsking og utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av analysemetoden Fosfatidyletanol (PEth)
- Jamleg tillaging og testing av ulike løysingar til drift av analysemetode
- Instrumentvedlikehald
- Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll
- Skrive og redigeringsarbeid i EK
- Opplæring og sertifisering av tilsette på seksjonen
- Undervisning/rettleiing av bioingeniørstudentar
- Delta i dei daglege rutinane ved seksjonen, inkludert blodprøvetaking
Krav
- Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års praksis etter endt utdanning.
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg.
- Erfaring frå arbeid med LC-MS/MS metodar og farmakologiske analysar er ein fordel.
- Gode datakunnskapar er ein fordel.
- Evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og konsentrert.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level