Autosøk
NGIR logo

Vil du bidra til god forvaltning og gode tenester for innbyggjarane våre?

NGIR

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Vil du bidra til god forvaltning og gode tenester for innbyggjarane våre?

NGIR søkjer ein engasjert og strukturert sakshandsamar til eit vikariat i avdelinga Sak og system. Vikariatet varer frå 1. oktober 2026 til 31. mai 2028.

Som sakshandsamar hos oss får du ei viktig rolle i arbeidet med å sikre rettferdig, korrekt og effektiv behandling av saker knytte til renovasjon og slam. Du vil vere ein del av eit fagmiljø som arbeider tett på innbyggjarane, og bidra til gode løysingar gjennom sakshandsaming, rettleiing og dialog.

Om stillinga

Arbeidskvardagen vil i stor grad vere knytt til behandling og oppfølging av saker innan renovasjon og slam. Du vil handtere søknader, førespurnader og ulike forvaltningssaker, utarbeide vedtak og skriftlege svar, og gi rettleiing til innbyggjarar og samarbeidspartnarar. Stillinga omfattar også arbeid med uttalar i samband med areal- og reguleringsplanar, samt andre oppgåver innan avdelinga sitt ansvarsområde.

Kvifor velje NGIR?

Hos oss får du ein meiningsfull jobb med stor samfunnsnytte. Du blir del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø med høg trivsel og godt samarbeid på tvers av fagområde. Vi legg vekt på tillit, utvikling og kunnskapsdeling.

Krav

  • Du har relevant høgare utdanning innan administrasjon, samfunnsfag, juridiske fag, økonomi eller tilsvarande.
  • Du må ha svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, med evne til å skrive nynorsk på ein trygg, korrekt og tydeleg måte.
  • Du har god digital forståing og evne til å setje deg raskt inn i nye system og arbeidsprosessar.
  • Du er strukturert, nøyaktig og ansvarsmedviten i arbeidet ditt.
  • Du er serviceinnstilt og evnar å handtere fleire saker samstundes på ein profesjonell måte.

Ferdigheter

SakshandsamingForvaltningNynorsk skriftleg kommunikasjonDigital forståingServiceinnstillingSaksbehandlingssystem

Erfaring

mid-level

Lignende jobber