Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
I Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden finn du den vakre bygda Bjordal. Ei hjørnesteinsbedrift i Bjordal er Osland-konsernet. Omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for jakt og fiske finn du ei topp moderne og logaleigd bedrift, Osland Settefisk.
Vi søkjer no ein teknikar i ei nyoppretta stilling. Som teknikar er du med i gjengen som driftar anlegget og følgjer opp utstyr som gjer at vi får fisken frå rogn til stor-smolt. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt i eit høgteknologisk og målretta utviklingsarbeid for å sikre eit minimalt fotavtrykk.
Arbeidsoppgåver:
- Drift og oppfølgjing av RAS-anlegg
- Teknisk tilsyn
- Journalføring og rapportering
- Delta i utbyggingsprosjekt
- Dagleg vedlikehald og reinhald av utstyr
Osland Settefisk tilbyr:
- Ein interessant jobb og godt arbeidsmiljø
- Moderne anlegg og utstyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode faglege utviklingsmoglegheiter
- Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
- Arbeidsgjevar vil kunne vere behjelpeleg med å skaffe eigna bustad
Krav
- Du må ha fagbrev innan relevante fag som elektro, automasjon, mekanisk, røyrleggar eller prosess.
- Du må ha god teknisk forståing og gjerne forståing for biologi.
- Du må ha forståing for prosessar som involverer sensorar, elektriske motorar og pumper.
- Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
- Du må beherske norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg.
Ferdigheter
Teknisk vedlikehaldRAS-anlegg driftProsessforståingFeilsøking og tilsynDokumentasjon og rapporteringProsjektarbeid
Erfaring
mid-level