Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Stillingane er kombinerte fagstillingar med arbeidsoppgåver innan både byggesaksbehandling, tilsyn og ulovlegheitsoppfølging. Fordelinga av arbeidsoppgåver vil variere ut frå behovet i avdelingane og den samla kompetansen i fagmiljøet.
Om eininga
Arealforvaltning er ein del av kommunalområdet Samfunnsutvikling som har eit overordna ansvar for heilskapleg og berekraftig utvikling av kommunen. Gjennom samarbeid på tvers av fagmiljø arbeidar vi for god arealbruk, føreseielege prosessar og god tenesteyting til innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling av byggesaker etter plan- og bygningslova
- Gjennomføring og oppfølging av tilsyn
- Oppfølging av ulovlege tiltak og ulovlegheitsaker
- Rettleiing av innbyggjarar, tiltakshavarar og profesjonelle aktørar
- Dialog med andre offentlege styresmakter
- Utarbeiding av saksframlegg til politisk behandling
Krav
- Du må ha relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, til dømes som jurist, ingeniør eller geograf.
- Du må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver.
- Du må ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner.
- Du må vere serviceinnstilt og ha evne til å samarbeide godt med kollegaer og innbyggjarar.
- Du må ha evne til å raskt setje deg inn i nye problemstillingar og drive saker framover.
Ferdigheter
SaksbehandlingPlan- og bygningslovaTilsynsarbeidRettleiingKommunikasjonSamarbeidsevnerSjølvstendig arbeid
Erfaring
mid-level