Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Føde- og gynekologisk avdeling søkjer jordmor
Føde- og gynekologisk avdeling søkjer jordmor som ønskjer å vidareutdanne seg innan ultralyd. Utdanninga er eit fulltidsstudium på 60 studiepoeng ved NTNU i Trondheim, med søknadsfrist 15. september 2026 og oppstart i januar 2027.
Som ultralydjordmor arbeider du dagtid i vekene på poliklinikken og kvar tredje helg på føde-/barselseininga. Etter fullført utdanning vil du ha stilling både ved gynekologisk eining og føde-/barselseininga, med to års bindingstid.
Kva går jobben ut på?
- Ultralyd av gravide/ screening i poliklinikk.
- Jordmor i poliklinikk på gynekologisk eining.
- Jordmor på føde- og barseleininga i helgene.
- Medansvar for vedlikehald/oppgradering av fagsystem.
- Medansvar for bestilling av utstyr/varer til avdelinga.
Kvifor skal du velje oss?
- Permisjon med lønn frå eiga stilling under utdanninga.
- Støtte til reise og opphald under utdanning i Trondheim.
- Bindingstid til føde og gynekologisk avdeling.
- Konkurransedyktig pensjonsordning.
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som jordmor.
- Du bør ha minst to års erfaring som jordmor.
- Du må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må vere villig til å gjennomføre fulltidsutdanning innan ultralyd ved NTNU.
- Du må akseptere to års bindingstid etter fullført utdanning.
Ferdigheter
Jordmorfaglig kompetanseUltralydscreeningEPJ-systemerTverrfaglig samarbeidPasientbehandlingStrukturert arbeidsmetodikk
Erfaring
mid-level