Sign in to auto-apply
CV-treff
Din CV?%
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Vi søkjer ein person som forstår korleis teknologi og digitalisering kan setjast i spel for å støtte verksemda sine mål.
I denne rolla er evna til å omsette overordna strategiar til konkrete, gjennomførbare tiltak avgjerande. Du har eit godt auge for korleis ulike fagsystem og datakjelder heng saman, og du bidreg til at Vestland fylkeskommune sine digitale investeringar faktisk underbyggjer organisasjonen sine mål.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge og analysere korleis organisasjonen nyttar teknologi og digitale system.
- Bidra i moderniserings- og transformasjonsinitiativ på tvers av organisasjonen.
- Bidra med å få oversikt over dataa våre – dataforvaltning.
- Skape samanheng mellom fragmenterte datakjelder og verdikjeder.
- Vere bindeledd mellom faglege behov i avdelingane og IKT-fagmiljøet.
- Delta i innkjøpsprosessar for å sikre at arkitekturprinsipp vert følgde.
Krav
- Du må ha minimum ein bachelorgrad innan informasjonsteknologi, organisasjon og leiing, samfunnsvitskap, økonomi eller tilgrensande fagfelt.
- Du må ha erfaring med organisasjons- eller systemutvikling, prosjektarbeid eller analyse.
- Du må ha god forståing for korleis digitale verktøy og system fungerer og heng saman.
- Du må ha erfaring med å jobbe tverrfagleg og koordinere mellom ulike interessentar.
- Det er ein fordel med kjennskap til, erfaring med eller sertifisering i Togaf, Cobit eller tilsvarande rammeverk.
Ferdigheter
VerksemdsarkitekturDataforvaltningProsjektarbeidSystemutviklingTverrfagleg samarbeidStrategisk analyseTogafCobit
Erfaring
mid-level